Det opplyser ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) i Stranda. Arbeidet med å lage eit salsprospekt for anlegget er inne i sluttfasen, og kommunen håpar å få ein aktør med finansielle musklar og kompetanse som kan ta over anlegget.

Alpinanlegget på Strandafjellet har så langt blitt ei hovudpine for kommunen. Denne veka kom rekneskapstala til Strandafjellet KF, som syner eit underskot på drygt sju millionar kroner. Desse sju millionane må Stranda kommune dekke frå driftsbudsjettet sitt.

Vanskeleg

- Dette er sju millionar for mykje, og svært vanskeleg å handtere for kommunen som allereie slit med å få balanse i budsjettet, seier Tryggestad.

For han kom ikkje desse minustala som noko sjokk. Han har lenge vore klar over kva veg det gjekk. Tryggestad forklarer at det er gjort ei rekkje tiltak i det kommunale føretaket for å betre drifta. Men dei hadde ikkje vêrgudane på si side i vinter.

Les også: Gjelda aukar på Strandafjellet

«Dagmar»

- Halve anlegget vart jo øydelagd av orkanen «Dagmar». Difor kom ein seint i gang med sesongen. Men slutten var svært bra, og viser kva for potensial Strandafjellet har, legg ordføraren til.

Les også: Store skadar på Strandafjellet

Likevel vil han altså selje anlegget. Tryggestad forklarer dette med at fylkesmannen har sett fram krav om at Stranda kommune reduserer utgiftene, og aukar inntektene.

- Kva for tidsperspektiv har kommunen for eit sal av anlegget?

- Det har vi ikkje tenkt noko på. No gjer vi først ferdig salsprospektet, og så skal vi finsikte marknaden, seier Tryggestad.

Overnatting

Han legg til at det er lagt ned mykje pengar frå kommunen si side på Strandafjellet, men at anlegget ikkje er heilt ferdig enno. Mellom anna manglar fjellet eit overnattingstilbod.

Strandafjellet KF har bygd ut og eig anlegga på fjellet. Dette selskapet er heileigd av Stranda kommune. Drifta av anlegget er det Strandafjellet Skisenter AS som står for. Her er kommunen inne som majoritetseigar, med 70 prosent av aksjane.

I likheit med Strandafjellet KF går også Strandafjellet Skisenter AS med underskot.

Se artikkelen her