-No startar me opp, seier dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheisar, John Ivar Norheim.

-Det er bra forhold, men litt kupert enkelte stader. Oppe i anlegget er det bra med snø, med over 60 cm på toppen av ekspressheisen. Lenger oppe ligg snøen endå djupare. Nederst ligg det rundt 20 cm, men der er det også ein del kunstsnø, i følgje Norheim.

- Neste helg håpar me på å få det nye barneområdet operativt. Når siste tallerkentrekket er på plass har me eit flott, nytt barneområde på rundt 25 dekar.

På laurdag opnar Kråni-trekket, Kari Traa-trekket og Myrkdalsekspressen i Myrkdalen.

Han lover også en nye park i løpet av vinteren.
-Her skal det bli fine utfordringar for dei fleste, avsluttar Norheim.

Se live webcams fra Myrkdalen

Alle foto: Rune Slettemark