Terrengparken er ope kl. 10.00-15.30 laurdag og sundag. Vierli Terrengpark er kåra til årets anlegg av Norges Snowboardforbund!

Rauland Skiarena opnar 3 km langrennstrasè tur/retur frå Vierli til Farhovdvegen!

Nytt merkesystem ute i langrennsløypenettet
Merkesystemet byggjer på Innovativ Fjellturisme sin mal med gradering etter vanskegrad: grøn-enkel, blå-middels, raud-krevjande og svart-ekspert. Me har ingen svarte langrennsløyper på Rauland, så det går i grønt, blått og raudt.

I kvart løypekryss vil det stå ei A3 tavle med oversiktskart over løypenettet, med ei raud markering og pil "du står her" i det aktuelle krysset ein står i. Alle kryss har navn og nummer. I tillegg vil det vere distanseskilt som viser km til neste kryss, med navn, pilretning og piktogram skiløpar i høvesvis grøn, blå eller raud farge.

Skiltsystemet er på plass ute i terrenget, og me vil hente inn dei gamle skilta ved første maskinkøyring så snart det er nok snø i terrenget. Me håpar og trur det nye merkesystemet vil vere oversiktleg og forståeleg! Det vil også bli nye løypekart til sals på turistkontoret og bedrifter på Rauland.