Rauland Skisenter, Vierli Skisenter og Raulandsfjell Alpinsenter har ope laurdagar og sundagar kl. 10.00-15.30 fram til 20.12.09 - OPE KVAR DAG FRÅ 21.12.09

Kveldskøyring i Vierli Swag Terrengpark laurdagar kl. 18.00-21.00

Supre forhold i langrennsløypene på Rauland! Me har 100 cm med snø i terrenget og fram mot helga vil det bli køyrd opp 140 km av totalt 150 km.

Gje låm 2010:
No kan de vere med å bidra til å gjere langrennsløypene og sommarløypene på Rauland endå betre! På visitrauland.com kan du Gje låm online!

Heming Adrenalin, som er Norges største jibbeklubb, kjem til Vierli terrengpark denne helga! Dei lover spektakulære hopp og mykje moro for tilskodarane som tek turen. Her kjem Norgeseliten av jibbere, samt verdensmesteren i slopestyle i twin tip, sjølvaste PK Hunder!
Ta turen til Vierli Terrengpark for å sjå spektakulær køyring laurdag og søndag! Les meir her