Rundt 1200 utøvarar frå 30 forskjellige nasjonar blir representert på festivalen.

I tillegg til å vere ein sportsfestival, er Ekstremsportveko også blitt ein populær musikkfestival. Kvart år husar vi store artistar innan sjangrane pop, rock, reggae og funk. Sport møter musikk og kultur. For ekstremfolket, bygdefolket og musikkelskarar kan vi presentere eit variert konsertprogram som spenner frå hip hop legenden Q-Tip (US) til dei sjarmerande gutane i Kakkmaddafakka (NO) og plateaktuelle Datarock (NO).

I skrivande stund er ei rekkje menneske i full sving med å forberede festivalen som startar 21. juni, når det no det skal byggjast hopp på sportsstadioane, scener på festivalområdet, campar, boder og alt som trengs for å gjere dette til den mest vellukka Veko-arrangementet nokon sinne.


Musikkprogram:
25.juni:
Q-Tip (US)
Kakkmaddafakka (NO)
Årabrot (NO)
G-Ha & Olanskii (NO)
Juicy

26.juni:
Immortal Technique (US)
The Aggrolites (US)
Name (NO)
Diesler (UK)
Vinny Villbass

27.juni:
Datarock (NO)
New Violators (NO)
Studio Live + Joddski (NO)
Fjorden Baby! (NO)
Cosmo (UK)
Untz Untz (NO)