Pressemelding
Vinterveko byr på eit spanande program. Du kan mellom anna få med deg konkurransar og oppvisningar innan kiting, big air, frikøyring, paragliding, speedriding og fallskjerm.

Det er ikkje berre om sommaren at Voss er arena for ekstremsport!

Kva skjer hjå Voss Resort under Vinterveko?

Programmet er delt opp og skal delvis føregå hos Voss Resort, i Myrkdalen og på Vikafjellet. Dette skjer på Voss Resort:

Torsdag 19. mars
Kl. 20.00: Registrering av deltakarane og renn møte for Voss Freeride - i Varmestova i Bavallen. Billettluka er open frå 20.00 - 21.00, slik at ein kan få kjøpt heiskort for dei komande dagane.

Fredag 20. mars
Kl. 10.00 - 17.00: Kvalifisering Voss Freeride
Kl. 17.00: Afterski i SkiBarBula, Bavallen

Laurdag 21. mars
Kl. 10.00 - 17.00: Finalar Voss Freeride
Kl. 17.00: Afterski i SkiBarBula, Bavallen

Om du ikkje er som deltakarane og har behov for eit ekstra adrenalinkick, så er du likevel hjarteleg velkomen for å sjå på konkurransane, få med deg stemninga på fjellet, eller berre å slå deg laus på afterski!