-Det er kjekt å vera på plass som funksjonær og bakkesjef for kulebakken. Eg har fått mykje støtte frå dugnadsfolk all den tid eg var aktiv, så no er det kjekt å kunne bidra litt på denne delen også, seier Kari.

-Bakken er fin og kjem til å slå godt an hjå utøvarane. Dei er vane med å køyra i mange bakkar som ikkje er så godt tilrettelagde, så dette vert nok heilt topp. Gutta med trakkemaskinene her i Myrkdalen har jobba i lang tid med å flytta snø inn i bakken. No har me mykje å ta av og kan forma bakken slik me vil. Me legg opp til 5 ulike spor, som løparane kan velgja i, når dei køyrer. Kulane er snart klare, men det er fortsatt mykje å gjera med hoppa, så det vert nok nokre lange dagar før det brakar laus i neste veke, seier Kari.

-Det er også fyrste gong det vert arrangert Ski Cross som World Cup-grein i Norden, så det er hyggjeleg at det vert her i Myrkdalen. Ski Cross er topp underhaldning med 4 løparar som startar samtidig. Her klarar kven som helst å sjå kven som kjem fyrst i mål, så dette er svært publikumsvenleg. Eg vonar at flest mogleg har høve til å ta turen for å sjå på i neste veke, dette blir moro, avsluttar Kari.