Laurdag var det flott ver - vindstille og minus 3 grader. Det var gode løyper ved trekka i Vetlebotn med 15 cm nysnø og varmande sol.

Det var også offisiell åpning av Krånitrekket kl. 11.00. Jill Garden dagleg leiar i Voss Fjellandsby Skiskule AS og dagleg leiar i skianlegget i Voss Fjellandsby, John Ivar Norheim stod for opninga der "reinsdyret" klipte snora og etterpå delte ut godteri til alle. Norheim fortel at det var ca 1300 einskildpersonar i anlegget 6. desember. - Ja det er utruleg og gledeleg at så mange står på ski så tidleg i sesongen, seier han.

Oppe i den nye Kråniløypa møter eg Valborg Kristine Haugland (19 år) saman med ein flokk med 9 ivrige ungar. _-Me kjem frå Fana skiklubb og eg trenar i dag ei gruppe med 6-9 åringar som lærer seg slalom. Me er her no i helga og mange av borna høyrer til hytter i Voss Fjellandsby, fortel ho blid og engasjert. -Utruleg at det er så gode forhold her, seier ho i det ho set utfor med ei rekkje av smårollingar rett bak seg.