Selskapet har dei naudsynte ressursane som skal til for å gjera merkevara meir synleg i den svenske marknaden. Det er på bakgrunn av dette og Skigutane sin suksess i Norge at Bula i Canada ynskjer at Skigutane overtek rettane også for Bula i Sverige. Skigutane er allereie inne på den svenske marknaden med andre merkevarer, og har store forventningar til den vidare utviklinga av merkevara BULA i denne spanande marknaden.

Vossaverksemda, som dei siste sju åra har gjenge frå å vera ei lita hobbyverksemd til å nærma seg 200 MNOK i 2008 og meir enn 80 tilsette, satsar vidare i Skandinavia.

Varemerket BULA, som skikøyrar Hans Engelsen Eide tok med seg heim frå USA til Noreg i 1989, har vore grunnsteinen i Skigutane sin vareportefølje og utvikling.

Saman med varemerka Kari Traa (starta 2002), Åsnes (oppkjøp 2006), Linken (oppkjøp 2006) og Extrem (oppkjøp 2007, svensk skiselskap) gjev kontrollen på varemerket BULA i Sverige store mogelegheiter for vidare vekst.

"Skigutane har som strategi å utvikla, produsera og presentera for marknaden innovative produktkonsept for utvalde sportsaktivitetar. Skigutane vil vere eit skandinavisk drivhus for merkevarer i sportsindustrien, og ein foretrukken forretningspartnar for detaljistar i utvalde marknader. Skigutane skal vere ein attraktiv forretningspartnar å vekse saman med, og som saman med sine samarbeidspartnarar skapar verdiar."

Noreg og Sverige er dei sterkaste europeiske marknadane for merkevara BULA, med tett på 100 000 hovudplagg selt pr år i begge marked. BULA er leiande på hovudplagg i den svenske og norske sportsbransjen, og verdas største sportsmerke innanfor kategorien. I Sverige har BULA vore etablert i meir enn 20 år.

I Noreg har Skigutane utvikla merkevara BULA til også å gjelda skikle, fritidskle, undertøy, hjelmar og skibriller. I Sverige sel ein kun hovudplagg, difor kan potensialet i den svenske marknaden vere stort i høve til vekst. Bula omset ca 60 mill kroner i den norske marknaden, medan omsetninga i Sverige er rundt 10% av dette.

Saman med det Åre-baserte ski- og snjofjølmerket Extrem, som Skigutane overtok i fjor, gjev BULA-agenturet store synergiar innanfor administrasjon, logistikk, sal og marknadsføring i Sverige.

"Me kan ha betre oppfølging av både BULA og Extrem, slik at merka vert mykje meir synlege og betre marknadsført i Sverige, og med det vert meir attraktive både for forhandlarar og forbrukarar. Bula og Extrem vil skapa verdiar i den svenske sportsbransjen", seier salssjef i Skigutane, Erik Hegbom.

"Skigutane ser på Sverige som ein spanende marknad, og er audmjuke over det svenske selskap har fått til med å byggja opp merkevarer blant anna innen sportsbransjen. Her har me mykje å læra," seier Hans Engelsen Eide. I organisasjonen til Skigutane jobber det forutan på dei svenske kontora også svenskar i den norske delen av organisasjonen. Mellom anna har Skigutane ansatt svenske Matilda Guillemot som ny designsjef for Bula, som har flytta til Voss med familien sin.

Hovudkontor for den svenske delen av verksemda vil framleis vere i Åre, men Skigutane opnar i desse dagar også distriktskontor i Stockholm, som skal betre servicegraden enda meir i høve til marknad, kundar og presse.

Den tidligare importøren av Bula i Sverige, Åre Agentur, hadde og alpinbygda Åre som base. Skigutane ser mykje av dei samme verdiane og historiebygging i Åre i Sverige, som vintersportstaden Voss har gjeve Skigutane i Noreg.

"Skibygda Åre gjev like mykje ski - , fjell - , og friluftskjensle som ekstremsportbygda Voss, " sier dagleg leiar i Skigutane, Øyvind Lauritzen, "og det gjer ein skilnad både for medarbeidarane og merkevarene våre. Det gjer oss truverdige i høve til historia og verdiane me ynskjer å formidla."

Salsorganisasjonen er allereie på plass, og kundane vil verta kontakta vedrørande leveransar av varene dei har bestilt etc., og samtidig informert om vår satsing og planar framover for varemerket.

Varemerket BULA er eigd av det Canadiske selskapet Filmar Corp i Montreal, og Skigutane AS har vore importør av varemerket i Noreg sidan 1989. Merkevara vart etablert i Durango, Colorado, USA, i 1983. Åre Agentur starta å importera BULA-produkt til Sverige i 1987.

Bula kolleksjon ser du her