Nordic Meet
17 av dei beste fallskjermhopparane i verda møter kvarandre på Voss for å demonstrera kva som er mogeleg å gjera av akrobatikk i lufta. Farten hopparane kjem opp i kan bli over 250 kilometer i timen. Fire kveldar veka gjennom kjem dei til å ha spektakulære show som du kan få med deg, om du er klar til å strekkja litt på nakken..

Rekordmange kvinner påmelde til frikøyring
Trass årstida, er snø og ski langt ifrå uinteressant. No er det ikkje plass til fleire, etter at 80 deltakarar allereie har meldt seg på frikøyringskonkurransen på Vikafjellet. Frikøyring på ski vil seia å koma seg ned ei bratt fjellside, der flyt i køyringa er viktigare enn farten. Her er jentene betre representert enn nokon gong. 16 stiller til start, og det er fem gonger fleire enn i fjor.

Veko, for fleire enn dei ekstreme
Alt frå fyrste dag vert det kulturtilbod for dei yngste og dei eldste på Voss.
Kunstgruppa «Prosapikene» skal gje bebuarane ved sjukeheimane på Voss teater og lyrikk. Akrobatikkgruppa «New Age Ninjas» har tidlegare vitja Veko, i år held dei workshopverkstad for born og unge på dagtid, der dei får læra kampdans og akrobatikk.

Offisiell opning søndag 22.juni
Den offisielle opninga av Ekstremsportveko er søndag 22.juni klokka 18.00 på Prestegardslandet. Seremonien fortset i festvalteltet 19.30, der Valkyrien Allstars med dansarar underheld - heilt gratis! Torsdag vert fyrste dagen med dei store artistane i festivalteltet. I tillegg til Morcheeba, Surferosa og The Grand, kjem Kulturminister Trond Giske, for å opna musikkdelen av Veko.

Festivalnyhende på SMS
I år som åra før, tilbyr Ekstremsportveko ei eiga SMS-teneste der du kan få oppdaterte nyhende om sport-og festivalprogrammet. Send meldinga VEKO til 2229.

Kommenter artikkelen her

Ekstremsportveko 2007 - Sykkel: