Raulandsfjell Alpinsenter opnar laurdag 15.desember med 2 heisar og 4 nedfartar!
Alpinsenteret har ope i helgene frå 10-15.30 fram mot jol, og dageleg frå 22.desember kl. 10-15.30.

Rauland Skiarena gjennomgår i desse dagar ein aldri så liten "make-over". Dei har starta arbeidet med å dose vekk kunstsnø for ca. 50000 kr. for å komme ned på bar mark. Slik kan dei komme inn på arenaen med gravemaskiner og jordmasser for å legge nytt toppdekke for å vere endå betre rusta til neste tidlegsesong på ski! Den opprinnelege løypa vert difor lagt om noko under dette arbeidet