Det vert stor aktivitet i Voss Fjellandsby, Myrkdalen til helga, og på laurdag tilbyr arrangørane gratis familieaktivitetar og gratis transport til og frå Voss stasjon.

Same dag inviterer vossingen Christoffer Gjerde til ski-jibbekonkurranse med fleire av dei beste skikøyrarane i landet, og folkrockbandet Real Ones som tidlegare i år vann Bylarm-prisen, speler i skibakken og i kafeen Myrkdalsstovo.

Denne vinteren har Voss Fjellandsby lege på fyrsteplass i Europa på snødjupner. Det er framleis fem meter med snø og gode tilhøve på toppen av den nye Kari Traa-trekket som opna i mars.

Voss Fjellandsby, Myrkdalen er ope mellom 10.00 og 16.30 laurdag og sundag.