Formålet er å gje forvitne vestlendingar og andre skiglade høvet til å oppleva Myrkdalen og dei alpine moglegheitene som dalen tilbyr.

- Med det nye Kari Traa-trekket har me no mest snø i Europa, og tilhøva for skikøyring er svært gode sjølv om me nærmar oss mai månad, seier marknadssjef Per Berge.

Denne sesongen har det vore stor aktivitet i Voss Fjellandsby, både når det gjeld bygging av hytter og leilegheiter, men òg i sjølve skianlegget. Myrkdalsstovo som serverer mat frå ein variert meny vart oppført i februar, og gjennom vinteren har det vorte investert i ny skiheis og traseer som til saman har lagt til rette for endå betre skikøyring i Myrkdalen.

På sundag vert det omvisning i skianlegget og i hyttene i dalen.

Myrkdalen ligg to timars køyring frå Bergen sentrum og 30 minuttar frå Voss stasjon.