Hundekøyring i Tjønndalen kvar onsdag
Hundekøyringssesongen har starta og du kan bli med på hundekøyring i Tjønndalen i Arabygdi kvar onsdag frå kl 10. Turen varer i ca 1 time. Påmelding til Rauland Turistkontor innan kl 16 dagen før. Tjønndalen Villmarksturar kan også tilby andre turalternativ andre dagar på forespurnad.

Kanefart kvar torsdag ved Rauland Skisenter/Fjøllhalli
Kvar torsdagskveld er det kanefart med parafinlykter og bålkos med varm gløgg i lavvoen ved Rauland Feriesenter. Turen tek ca 20 min. Påmelding til Rauland Turistkontor innan kl 16 dagen før. Jan Hallgeir Landsverk tilbyr også andre turalternativ andre dagar på forespurnad.

Kveldsaking med hovudlykt i Vierli Vinterland
Kvar kveld i vintersesongen kan du bli med på kveldsaking med hovudlykt i Vierli Vinterland. Påmelding til Vierli Vinterland, minimum 10 personar.

Kveldskøyring i Raulandsfjell Alpinsenter
Kvar måndag og fredag kl 18-21.00 er det kveldskøyring i Raulandsfjell Alpinsenter.

Nye rails og hopp i Vierli Skisenter
Vierli Skisenter har bygd 5 rails, eit bigjump med undarenn på 12 meter samt eit litt mindre hopp og ein super Quarter box med fallhøgde på 7-8 meter.