Løypa blir preparert kvar dag med et klassisk spor og en skøytetrasè, og det er veldig bra forhold.

Nyheiter på Rauland vinteren 2007!

Nye aktivitetar ved Raulandsfjell
Skøytebane med utleige av skøyter, snøscooter og 4-hjulingskøyring på bane, fleire rails og hopp i alpinbakken, egne kurs for kiting, utleige av isfiskeutstyr og kveldskøyring i alpinbakken måndag og fredag kl 18-21.00. www.raulandsfjell.no

Vierli Skisenter og Vinterland sikrar snøprodusjonen
Vierli Skisenter har investert i kunstsnøanlegg i ein del av sine nedfartar, og sikrar med dette ein lang og sikker snø-sesong i alpint- og kjelkebakkene vinteren 2007. Det blir også bygd spennande store snø-igloar! www.vierli.no

Rauland Skiarena- 6 km kunstsnøløype for langrennsløparar
3. november opna vår nye kunstsnøarena for langrenn med 6 km flombelyst løype tur/retur mellom Park Inn Rauland Høgfjellshotell og Vierli Skisenter og Vinterland. Løypa ligg 1000 m.o.h og blir køyrd med to doble spor og skøytetrasè. www.rauland.no / www.visitrauland.com

Rauland Fjellspa-splitter nytt SPA-anlegg på 180 m2 ved Park Inn Rauland Høgfjellshotell
Rauland Fjellspa kombinerer dei flotte aktivitetsmoglegheitene i fjellet med ei unik spa-oppleving. Ei standardbehandling på Fjellspa varer i tre timar og består av fire ulike seansar: puls, nedtrapping, behandling og restitusjon/kvile. SPA-anlegget inneheld dampbadstue, utandørsbad, sirkulasjonsbad, utsiktsbadstue, massasjedusj og relaxavdeling. I tillegg er symjebassenget, garderobane og bassengområdet nyrenovert, alt i alt 600 m2 med nytelse for kropp og sjel! www.rauland.no

Nye familiesuiter ved Park Inn Rauland Høgfjellshotell
17 nye familiesuiter/hytteleilegheiter på ca 52 m2 med kjempeflott utsikt mot Raulandsfjell like ved hotellet, med svalgang mellom bygningane slik at ein kan kome seg til og frå hotellet/leilegheitene utan å måtte utandørs. Under leilegheitene er det garasjeanlegg.
www.rauland.no

Nytt kjøkken, ny meny og ny alpinnedfart ved Rauland Skisenter
Rauland Skisenter får heilt nytt kjøkken med ein ny meny som inneheld meir enn berre hamburgarar. Det blir også ei ny alpinnedfart på 500 meter. Ingen av dei eksisterande nedfartane fell bort på grunn av hyttebygging, men to av trasèane blir litt smalare. www.raulandskisenter.no

Nyrenovert offentleg bad på Raulandshuset i Rauland sentrum
27.oktober opna badet på Raulandshuset att etter mange års stenging på grunn av renovering. I tillegg til symjebasseng er det bygd nytt boblebad, massasjebasseng og barnebasseng. Ope tysdag-fredag 1700-2100, laurdag 1100-1500.