Løypa er 6 km tur/retur, og vil bli oppkøyrd med stor maskin med klassisk spor og full
skøytetrasè.

Vierli kafeteria har ope i helgene 10-17.00 fram til jul 
Løypetraseen startar på 1000 m.o.h. og strekk seg litt over 3 kilometer i høgfjellsterreng.
Det er montert lys i løypa og løypa vil vere tilgjengeleg fram til kl.
21.30 kvar dag. Alle som spinn i grusen for å få prøvd skia er velkomne til Rauland
for å prøve ut teknikken, teste langrennsforma eller kort og godt ha det morosamt
med snø!

Rauland skiarena er eit samarbeidsprosjekt mellom Vinje kommune, I.L. Dyre
Vaa, Rauland Turist AS, Innovasjon Norge, Telemark Fylkeskommune, Rauland
Høgfjellshotell og Vierli Turistsenter. Det har vore arbeidd med prosjektet i
5 år, og står no klart etter ei totalinvestering på over 6 millionar kroner.

Rauland Skisenter sesongopnar 3. desember 
Rauland Skisenter opnar 3.-4. desember stolheisen, Tiurløypa som er på 1200 m og
Knøtteheisen med barnebakken. Det er veldig fine forhold i bakken. Skisenteret held
ope i helgene fram til og med søndag 18. desember. Ope kvar dag frå onsdag 21. desember.
Opningstider: kl 1000 - 1530

Vierli Vinterland sesongopnar 10.desember 
Vierli Vinterland sesongopnar neste helg med to skitrekk, barnebakken og Vierliheisen.
Dersom det har kome nok natursnø i terrenget vil også kjelkenedfartene opne.
Nye handels– og servicetilbod i Rauland sentrum
Tre nye bedrifter startar opp i Rauland sentrum før jul. Heimil interiør- og gåvebutikk
og Rauland hytteservice har bygd ei ny timre rett over vegen frå Rauland Turistkontor.
Dei opna 24.november. Eva Flatland startar opp butikk med sy– og hobbyartiklar i
same etasje som Rauland Turistkontor. Opning i uke 49!

Nytt kunstgalleritilbod 
Park Inn Rauland Høgfjellshotell har no kunstgalleri på hotellet i samarbeid med Vest-
Telemark Museum. Dei har laga ein foldar som tek deg gjennom ein omvisningsrunde
på hotellet forbi mange kjende kunstverk av m.a. Dyre Vaa.


Ny restaurant ”Det gule bord” på Raulandsfjell  
Raulandsfjell AS (tidlegare Alpina Apartments) har gjort ein stor oppussingsjobb med
ny stor veranda mot skibakken, nytt inngangsparti og dei har starta restauranten "Det
gule bord". Dei har planar om mange nye aktivitetar i til vinteren.