Hemsedal Cafè opnar fotoutstillinga “100 prosent livvstil” i cafékjellaren fredag 25. januar.

Cafékjellaren ligg i kjellaren på Hemsedal Café. Den tidlegare kjøtforretninga og pølsemakeriet i Hemsedal har fått nye klede. Lokalet er mellom anna nytta til foredragslokale, private arrangement, showroom, clublokale etc. No opnar det som utstillingslokale. Under opninga blir det kåseri om tilstedeværelse i fjellet med Per Ola Seim. Og sjølvsagt boblevann. 

Fyrstemann ut er fotografen Nils-Erik Bjørholt. Gjennom eit 30-tals bilete vil Bjørholt syne ein symbiose av natur og mennesker i den vesle fjellbygda. Fotografen har mange år bak seg med friluftsliv i tett kontakt med hemsedalsfjella. Og han har også skildra fleire av bygdas innbyggjarar og deira friluftsaktiviteter med hjelp av fotografiapparatet. 

Bileta som er trykt på aluminiumsplater er til sals, og delar inntekta går til det lokale Røde kors "hjelpekorpset". Det vil også bli halde ein auksjon siste dag av utstillinga til same formål, fredag 22. februar. 

Fotografia speglar bygdas natur gjennom fire årstider. Hemsedalsnaturen er rekreasjon for både tilresande og innbyggjarar. No heng den på veggen i cafékjellaren som held ope sju dagar i veka. Det er berre å stikke innom. Trappa ned til den gamle kjøtforretninga går via Hemsedal Cafè. 

I samband med utstillinga har ein mellom anna høve til å nyte lokalprodusert, økologisk kalvekjøt. Oppe i cafeen steikar gjesten kjøtet på kleberstein. Hugs å bestille på førehand så cafeen får varma opp steinane.