Sogn Skisenter satsa i førre sesong på 4 klassane i Sogndal, Leikanger og Luster med gratis sesongkort.

Me er svært glade for at så mange nytta seg av tilbodet. Styret i Sogn Skisenter har no bestemt seg for å utvide det godt motteke tilbodet:

ALLE 4 klassingar i heile Sogn og Fjordane får sesongen 2013/14 GRATIS sesongkort hjå Sogn Skisenter.

I praksis kan det bety at Sogn Skisenter må dele ut svært mange sesongkort komma sesong. Noko vi ser på som eit svært godt tiltak for å få ungar ut på ski. Sogn og Fjordane har i år 1426 4 klassingar som kan boltre seg gratis i anlegget. (Ski Data Key Card trengs for registering, kr 70 og kan nyttast om igjen og i andre anlegg. Prov på at ein er 4 klassing er og nødvendig)

Både foreldre, lærarar og elevar har kontakta oss under etter førre sesong og har hatt spørsmål om dette skulle vedvare. Noko styret har teke med seg i vurderingane og ønskjer no å invitere med heile fylket i denne sesongen.

Med oss på laget har vi instruktørar som vil ta seg av ungane på inviterte dagar for kurs. Her kan dei melde seg på og få kyndig veiledning saman med våre samarbeidspartnerar Luster Telemark, Hafslo Alpin og Sogn og Fjordane Skikrins. Desse dagane vert avslutta i Gaupne med bading på Lustrabadet. Meir informasjon om dette vil kome når sesongen nærmar seg.