I dag vakna ein nok ei gong til pudderalarm frå Myrkdalen. 30 cm var kome i løpet av natta, så det var berre å hiva seg i bilen og koma seg til fjells. Det var dårleg sikt på toppen, men så lenge ein kom seg ned i skogen var det gull.

Etter planen skulle den nye 6-setar stolheisen, Storhaugekspressen, ha opna i dag. Men på grunn av mykje uvær den siste perioden vart byggeprosessen forseinka. Heisen er ferdig, men etter jul gjenstår ca. to veker med testing og godkjenning før alt er klart. I staden for opningsfest blir det 80'talls party på Myrkdalen Hotel.

Velkomen til fjells!