Myrkdalen har hatt ein fantastisk sesongstart og kan syna til 32 % omsetningsauke i Myrkdalen Fjellheiser AS frå rekordsesongen i fjor. Til tross for mykje ruskever sidan sesongstarten har skigjestene strømt til.I går kom endeleg sola til Vestlandet og frå søndag er det berre godvér i sikte. Dette lovar godt for solhungrige skientusiastar.

Myrkdalen har låge på snøtoppen i heile år og pudderalarmen har gått titt og ofte. Forholda har vore utruleg bra og medan nedbøren har kome som regn andre plassar på Vestlandet har Myrkdalen akkurat låge over snøgrensa. Det betyr rikelege mengder med snø og optimale forhold for pudderkøyring. Løypene og langrennsforholda er også optimale.

Denne helga har MX skimesse i Myrkdalen. Det vert gratis skiskule og ulike kurs, stort messeområde og testing av neste års skimodellar. Det er framleis mogleg å melda seg på og om ein ynskjer skiskule kan ein ta kontakt med Myrkdalen Fjellandsby Skiskule ved ankomst for å sjå kva som er ledig laurdag og sundag.