Snøkanonene har jobba på spreng sidan kuldegradene kom forrige helg og vi er veldig glade for å endeleg kunne opne igjen denne helga. Det er takka vere det nye snøproduksjonsanlegget og auka produksjonskapasitet at vi kan opne under desse forholda vi har no. Vi har klart å produsere kunstsnø i 5 døgn og har no nok snø til å opne sjølv om kuldegradene forsvann, seier dagleg leiar ved Harpefossen Skisenter Robert Engeland. Men det er dessverre ikkje nok snø til å opne Fjellheisane og Furuhogane.

Det er ekstra gledeleg å kunne opne denne helga sidan søndag 19. januar er «World snow day».  På Harpefossen feirar vi Open bakke med opning av SFE Big Air Bag på søndag kl 13 i samarbeid med vår hovudsponsor SFE. DNB vil også vere tilstades og dele ut givaways på denne dagen. Vi ønskar store og små snøelskarar med mykje enerSKI velkommen til leik og moro på Harpefossen både laurdag og søndag, seier Janne Andersson.