Fredag 12. desember opnar Voss Resort. Allereie er det 160 centimeter snø i anlegget – og meir i vente. For når det regnar i Bergen, snør det på Voss. 

MELDER SOL
– Endeleg er vinteren her. Gjennom heile veka har det kome mykje snø. Det er full vinter på fjellet, seier dagleg leiar for Voss Resort, Anna Bryn (biletet). 

På toppen av det heile melder Yr sol på opningsdagen fredag – og laurdag. Minusgradene som er venta byr òg på glimrande føreforhold og god glid.
– I tillegg skal det kome endå meir snø. Vi satsar på at heile anlegget vil vere i gang frå fredag av. Dette vert tidenes pudderopning, seier Bryn.

 

KÅRA TIL NOREGS BESTE SKIDESTINASJON
Frå før har Voss 89 OL- og VM-medaljer i vinteridrett. I førre månad kunne òg sjølve destinasjonen Voss hente heim ein gjev pris, og smykke seg med tittelen Noregs beste skidestinasjon i Dagens Næringsliv 3. november 2014. Voss vart omtalt som skistaden som har alt.

 “Voss er ikke best på noe, men gode på alt. Så lenge minusgradene spiller på lag, har vestlendingene Norges mest komplette skitilbud,” heitte det i avisa.

Voss Resort er med sine elleve heiser og trekk, 20 nedfartar, 40 kilometer preparerte løyper og kapasitet på 12.000 personer i timen, dessutan Vestlandets største og mest varierte skisenter.
- Utruleg kjekt å vinne ei slik kåring, når ein veit kor knallhard konkurransen er. Det er berre Voss som e’ Voss, seier Bryn.

Ho lister opp nyhende for sesongen som startar fredag:
– 400 kvadratmeter terrasse på Storstova
– 15 rails og element til Parken
– Snøproduksjonsanlegget er utvida med 2,5 millioner kroner
– Hangursrestauranten har ny meny med lokale råvarer

  

SKIRENN OG AFTERSKI
Til helga blir det barneskirenn på Voss. Det skjer både laurdag og sundag i Badnakrokjen klokka 13.
– Det er gratis å delta, seier Bryn. 

I tillegg blir det afterski med SkiBarBula fredag og laurdag frå klokken 15.