Finn skianlegg icon
Norsk, Norge | Change language
Ny på Skiinfo? Bli medlem nå!
er allerede medlem!

Pangstart på det nye året på Harpefossen

Yrende liv i Harpefossen. Foto: Harpefossen Skisenter
Yrende liv i Harpefossen. Foto: Harpefossen Skisenter

Kaldt vér og snøfall førde til at pudderalamen blei utløyst laurdagsmorgonen. Vi kunne tilby fantastisk flotte forhold i dei nypreparerte nedfartane, og i store område oppe i fjellet låg puddersnøen 20-30 djup.

Artikkel skrevet av

Av Pressemelding
Publisert: 05.01.09
På Harpefossen opplevde vi denne fyrste helga i 2009 ein tilstrøyming av folk som vi tidlegare ikkje har vore i nærleiken av i januar månad. Vanligvis opplever vi ikkje slike utfartsdager utanom fine dagar i påska eller seint på vinteren når sola har kome høgare på himmelen, men denne helga var det eit yrande liv i skisenteret både fredag, laurdag og søndag, og vi oppnådde omsetningstal vi ikkje har vore i nærleiken av anna enn på dei beste utfartsdagane i påska.

Dei nye nedfartane vi no har fått på austsida av heisane, gjev publikum eit meir variert tilbod av preparerte nedfartar, og sørgjer for tilkomst til store område for frikøyring i laussnøen. Vi ser stadig auke av folk med utstyr for laussnøkøyring, og når verforholda ligg til rette er det få skisenter som kan måle seg med Harpefossen når det gjeld tilbod til denne gruppa. Også i turløypene var forholda og skiføret glimrande, og det var mange som nytta høvet til ein tur innover dalen mot Brekka.

Det er kjekt å registrere den aukande interessa for Hjelmelandsdalen og Harpefossen. Stadig nye hytter er blitt ferdige og tekne i bruk, vi såg tidleg i haust at antalet campingvogner i området aukar betydelig, og lastebilen frå det lokale sagbruket leverte kilometervis med terassematerialar her på Harpefossen i løpet av sommaren og hausten.

blog comments powered by Disqus
Brukernes bilder fra Harpefossen
Harpefossen, nydelig utsikt
Harpefossen, pudderbad
Harpefossen, pudder!
Harpefossen, Pudder og sol til topps
Harpefossen
Pudder på harpefossen
Harpefossen pudder 9. des 2010
Harpefossen skisenter 8. nov 2010
omringa av pudder
Skandinavia
Europa
Nord-Amerika
Finland Sverige Norge

Nyheter fra Harpefossen

Vinterferie på Harpefossen
Det har vore veldig mykje fokus på puddersnø og frikøyring i bratt terr...
27.02.12
Harpefossen
Spanande samarbeid på Harpefossen
For å kunne ha eit betre tilbod av aktivitetar for born og vaksne, bedr...
15.01.09

Nyhetsbrev fra Skiinfo

Nyhetsbrev fra Skiinfo Meld deg på her for å motta det faste nyhetsbrevet. Abonner på nyheter