Skipatruljen hadde seinast i går ein runde for å kvalitetssikra snødybdemålingane og konkluderte med følgjande fakta. Topp-punkt: 285cm Botnpunkt: 110cm.
-No er me klare for å ta i mot påskegjestane, seier John Ivar Norheim, dagleg leiar i Myrkdalen Fjellheisar. -Skipatruljen hadde seinast i går ein runde for å kvalitetssikra snødybdemålingane og konkluderte med følgjande fakta. Topp-punkt: 285cm Botnpunkt: 110cm.
-Sjølv om parken vår ligg i nedre deler av skianlegget, så har me nok snø til å gjera ei ombygging til påske. Her vert det slopestylekonkurranse og nye hopp som alle kan leika seg på i påskeferien, seier Norheim. -Det er fine forhold både i og utanfor preparerte løyper, og alle som vil gå på turski har også alle dei vanlege alternativa tilgjengeleg i påsken. Dersom dei siste vêrmeldingane slår til, så kan dette bli ein alle tiders påske. Me køyrer forresten skianlegget fram til siste opningsdag som vert 1.mai, avsluttar Norheim.
Førpåskeferie
Sander Rye Daae, snart 9år, og mamma Eva-Linn Rye Daae tok turen frå Bergen for å få litt påskesteming før alle rykker inn. -Det var så fint i dag at me måtte ta turen. Løypene var gode, så det var lett å carve litt for oss begge, seier Sander. -Me ser fram til påsken og god påskestemning også, sjølv om det var fint å ha skianlegget tilnærma for oss sjølve i dag, seier Eva-Linn.
Fortsatt mogleg å få overnatting
-Ikkje fortvil viss du ikkje har fått redda påskeferien enno. Sjølv om me har mykje snø, så er det ikkje heilt fullt hjå oss, seier bookingansvarleg Gro Sølvberg. -Det er noko ein del som har venta litt ekstra lenge med å booka påskeferien, sidane påsken er så sein. Mange har kanskje venta litt for å sjå kor det er snø også. Påske og snø høyrer jo veldig saman, så det er jo naturleg.
|
Knalldager i Myrkdalen
Januar har vært en drømmemåned for Myrkdalen med stadig nye snødropp so... 30.01.12 |
|
|
Voss Fjellandsby Myrkdalen leverte puddervarene!
Voss Fjellandsby Myrkdalen hadde pudder så det holdt med 145 cm nysnø p... 19.12.11 |
|
|
Fantastiske pudderbilder fra Voss Fjellandsby Myrkdalen tatt idag
Rune Dyrkolbotn har vært oppe i skianlegget i Voss Fjellandsby Myrkdale... 13.10.11 |
|
|
Stryn Sommerski åpner i pinsehelgen
2012-05-24 |
|
|
Test av 20 pulsklokker - 2011
2011-05-12 |
|
|
Guide til downhillsykling; Hafjell del 1
2012-05-22 |
|
|
Oslo Sommerpark (Tryvann) åpner 29. juni 2012
2012-05-08 |
|
|
Guide til downhillsykling; Hafjell del 2
2012-05-24 |
|