Norge

Husbakken

Overnatting
3av4

Husbakken

Slå deg til ro nokre dagar i sperrestova på Husbakken. Snør på deg fjellskoa og legg i veg frå kjøkendøra mot nærliggande vatn, dalar og toppar. Om du vil, viser vi veg. Vel tilbake kveikjer du i den gamle vedkomfyren, set deg i gyngestolen med mjukt saueskinn og nyter stilla og utsikta over Jølstravatnet. Plukk dine eigne ferske egg, urter og sopp. Steik deg ein omelett. Eller plukk rabarbra og bak ei rabarbrakake. Fyll opp lagera før neste dag med nye blånar. Eller leig deg ein robåt på Jølstravatnet. Eller bli med Jølster rafting på ei vill og våt ferd, eller ein tur på isbreen. Eller bli inspirert med guida tur i heimen til malaren Nikolai Astrup, ein god spasertur frå Husbakken. Slå deg til ro nokre dagar på Husbakken. Sperrestova frå 1890 tilhøyrde Jølsters eldste ektepar, som vart 102 og 105 år gamle. I 2010 har vi restaurert bygget i opprinneleg husmannsstil. Og så har vi lagt til varmakablar under skifergolvet, bad, eit fullutrusta kjøken og gode senger. Unn deg litt primitiv luksus.
Besøk nettside

Alpinkjøring

Generell informasjon

  • Type: Annen overnatting

Skisteder i nærheten

SkisenterAvstandNysnøSnødybdeVæretBrukerrangering
52km
0cm
0cm
-5°C
52
54km
0cm
0cm
-2°C
58
62km
0cm
0cm
-5°C
54
74km
0cm
0cm
-4°C
72
75km
0cm
0cm
-2°C
54
Regionale Snørapporter: Vestlandet