Sesongen har vore strålande med rekordbesøkstall. Mange av våre gjestar har i år trekt ut i skog og natur og har fått verkeleg kosa seg i pudder. Kjekt å sjå hodelykter i terrenget på kveldstid!

Laurdag hadde vi eit arrangement med diverse aktiviteter. Gilde Barnerenn, John Deere Big Jump og Firdarennet kvamsfjellet ned frå 1080 moh til 220 moh. Ein nydeleg dag med masse glade skigjester.


Christoffer Gjerde frå Voss var på besøk og instruerte i Jibbing og hadde oppvisning samt dommaroppgaver under Big jump konkurransen.

Siden vi er på bondelandet så passer det vel ikkje betre med ein John Deere framfor hoppet.