Etter at Eiksund sambandet kom merkar ein at fleire frå nabo kommunane Herøy, Hareid og Ulstein tek turen til Ørsta skisenter. På toppen av heistasjonen er der kafe som har ope i helgane. Her kan ein nyte utsikta mot fjorden, øyane, fjella og dei to bygdesentruma Volda og Ørsta. Spesielt er utsikta mot fjella Saudehornet 1303 m og Vassdalstind 1270 majestetisk, og eit ynda fotomotiv.

Mange tek turen på Verahaldet 1206 m.o.h. som er ein skitur frå skitrekk stasjonen bak i Nottane. Nedkjøyringa her byr på flott off-piste forhold. Dei meir erfarne kan kjøyre ned i Follestaddalen eller ned Frølandsdalen i Bondalen. Ein må då arrangere skys heim. Ålesund skiklubb arrangerar kvart år overgangtur for sine medlemar frå Ørsta skisenter til klubbhytta si på Standalseidet.

http://www.rundskuer.no

Eit anna fjell ein kan nå frå Ørsta skisenter er Blåtind 1217 m. Om du er interessert kan du lese meir om dette fjellet og andre fjellturar i området her.

http://www.hjorundfjord.no/

Ein familievenleg skitur som kan anbefalast er å kjøyre turløypa tilbake til nedre heistrasjon. Andre tur moglegheiter er Åmskaret. Her er ei fantastisk utsikt til Follestaddalen og Kolåstinden. 1432 m. Pågrunn av forma den har vert den ofte kalla Kongen av Sunnmørsalpane, sjølv om den ikkje er den høgaste.

Det har i vinter vore trakka langrennsløype løype frå heistasjonen på Eitrefjell fleire kilometer vidare i området her. Nokre stadar i løypa kan du sjå heilt ned til Hjørundfjorden og fjella der. Ein kan rett miste pusten ein solskinndag når snøen glitrar som diamantar. Kristoffer Randers seier dette om Hjørundfjorden: Før jeg endu eide ord til at tolke hva jeg kendte- Du dig ind i sjelen brendte klippefylte Hjørundfjord, det var dig jeg blikket sendte. Klisjeaktig, men på enkelte dagar oppnår ein ski entusiast nesten nirvrana når han er på fjellet. I heisa og i løypene brukar folk store ord og klisjear for å beskrive si ski oppleving, og ein kan ikkje noko anna enn å verte i godt humør slike dagar.

Journalisten Eivind Eidslott er no redaktør i Norrøna Magazine, men har gitt ut skiguide til Norge. I eit intervju i VG 2009 sa han dette om Ørsta skisenter: Jeg mener det - dette anlegget rocker! Nydelig løssnøkjøring, en ny barneheis, eksotisk stolheis, koselig varmestue, rimelige priser og uslåelig utsikt. Men det beste er å ta med fellene og gå videre fra toppheisen til f.eks. Blåtinden eller Verhaldet - og få gigantiske fjellsider helt for seg selv!

Vaksne og born finn løyper med forskjelleg vanskegrad. Dei minste likar seg best i barnetrekket. Ein oppmodar alle til å bruke hjelm. Ørsta skisenter er med i ordninga alpepasset, som er eit felles skikort for ulik skidestinasjonar på Sunnmøre. http://www.alpepass.no/