Frank Welle er koordinator for snøproduksjonen på Ørsta skisenter, og han er svært fornøgd med at temperaturen no har gått ned slik at eit kan kome skikkeleg i gong med snøprodusjonen. Det er viktig for Ørsta skisenter å få produsert ein god såle med kunstsnø¸ slik at kundane får gode skiforhold lengst mogleg. Vi skal gjere kva vi kan for å kome i gong tidleg. Om det vert eit kraftig snøfall før jul, kan ein håpe på at folk får prøvd skia sine i jula.

På heimesidene til Ørsta skisenter kan du følge med produksjonen og kva som skjer vidare. www.orstaskisenter.no

Nytt av året er at Ørsta skisenter er med i ordninga Alpepasset. Alpepasset er eit felles heiskort, som gjeld for
6 utvalgte destinasjonar på Vestlandet. Vi er glade for å kunne gje dette tilbodet til våre kundar.