Rogier har etablert sitt eige opplevelsefirma: Norway-Adventures. Han har mange års erfaring med å arrangere opplevelseturar ute i naturen både sommar og vinter, og vi vil gjerne nytte desse kunnskapane og erfaringen for å tilby aktivitetar og opplevelsar for born og vaksne med skisenteret og varmestova som base.

Fyrste gongen dette skal prøvast er komande fredag kveld. Då arrangerar Rogier skileik for born, samtidig som Haugen IL, alpingruppa, held alpinkurs for vaksne. Vi veit ikkje heilt kva Rogier har funne på av leik og moro til denne kvelden, men kjedelig blir det heilt sikkert ikkje.

I vinterferien vil Rogier lage til ein spanande snowcamp for ungdom, seinare blir det freeridekurs og måneskinnstur for vaksne, og han tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar og opplegg for team-building og bedriftsarrangement. Felles for alle er at det foregår ute i naturen og inkluderar aktivitetar, mat og drikke og mykje leik og moro.