Det blir ein sosial festival i den litje studentbygda Volda på Sunnmøre. Fjella er vår leikeplass og Volda og Ørsta blir vår sosialiseringsarena.

Å være deltaker på X2 Festivalen er perfekt for dei som likar å kombinere tindebestigning og freeride med fantastiske naturopplevingar og afterski. På Sunnmøre er den alpine skikulturen ein rotfesta del av identiteten. I gammal tid vart tindane tilbedne av våre forfedre. Dette gjer vi endå. Vår alpine natur er eit område for rekreasjon, meditasjon og utfordringar på høgt nivå. Vi ynskjer å verne om dette urørte området av norsk natur.

Det er endelig klart at tidspunktet for X2-festivalen 2009 blir 30.april-3.mai. Et noe senere tidspunkt enn vanlig vil forhåpentligvis gi enda bedre kjøreforhold kombinert med fantastisk festivalstemning.

X2 sitt hovedfokus er å lage en skifestival for utøvere og publikum både fra Norge og utenfor landets grenser. Festivalen arrangerer konkurranser innen tindebestigning og frikjøring på ski og brett.

Festivalen arrangeres til våren for fjerde året på rad, og i år utvider vi så smått med nye grener. Utøvere og publikum kan glede seg til konkurranser og diverse iøyenfallende begivenheter innen longboard og paragliding. Informasjon om tidspunkt for og påmelding til de ulike grenene vil bli lagt ut på nyåret.

Topptur i Sunnmørsalpene på Instarenna. Fotograf er Specutacled (klikk for å se profil)

X1 - Berre moro i flott natur
X1 er den litt mindre krevjande tindebestignings-varianten av X2. Ruta startar på samme sted som X2 Box-cup og følgjer ryggen opp til Nivane (ca.1000 moh). Denne ruta er ikkje tidsbasert og passer for de som ønskjer å delta utanfor konkurransen. På veg opp til Nivane vil du ha spektakulær utsikt mot både Xfree- og X2 Box-cup-konkurransane, samt Ørsta sentrum. Turen tek omtrent to timar i hyggeleg tempo og er ei flott oppleving uansett nivå. Som deltakar på X1 vil du få X2 Festivalpass og dermed ha tilgang til alle arrangement under festivalen. Born under 13 år får ikkje delta utan foreldre. Halv pris på festivalpass for alle under 15 år.

X2 Tindebestigning - sjølve pilaren i X2
Dette arrangementet er ein formidabel utfordring for alle og dei fleste ser på det å delta som ein styrkeprøve for sin eigen del. I år, som tidlegare, vil tindane vi skal bestige vere Saudehornet (1303 moh) og Nivane (1000 moh). Tindane skal bestigast etter kvarandre og gir til saman 3 500 høgdemeter opp og ned. Utruleg nok er det folk som klarer dette på 1 time og 20 min, men de fleste nyter turen og tar den tid som kroppen krev. Det er også verdt å ta ein titt på bilda frå i fjord - utsikta frå tindane er spektakulær.

Nytt i år er at X2 toppturkonkurransen er med i den Skandinaviske skibestigningscupen Boxcup. X2 vil i år være den avsluttande konkurransen i Boxcup og vinnaren av cupen samanlagt vil bli kåra på X2! Dette vil føre til at mange av dei aller beste skiløparane i Skandinavia vil komme til X2 og være med å konkurrere om sigeren. Sjølv om X2 er med i boxcupen ynskjer vi at så mange som mogleg vil vere med på X2. X2 ønskjer framleis å fremje skiglede, og glede ved å gå på toppturar og ønskjer alle hjarteleg velkomne til å vere med på skifesten!

Xfree er ein freeride-konkurranse for alpint, snowboard og telemark
Xfree tek mål av seg å tilby variert, bratt og kreativ køyring frå alpine fjell på 1300 m.o.h. Dei forskjellige traséane vil halde mellom 35-45 grader helling, og gje i gjennomsnitt 600 høgdemeter freeride.

Overnatting
I god tradisjon vil dei fleste som reiser til Volda få tilbod om å campe i diverse studentkollektiv i sentrum. Slik sett blir det både ein billig og sosial festival der du vil få treffe mange studentar og lokale med same interesse som deg sjølv. Ta kontakt med Sandra for å ordne overnatting. Telefon: 91184393

For mer informasjon om X2 festivalen, følg med på deres nettsider: X2 Festivalen

Topptur i Sunnmørsalpene på Instarenna. Fotograf er Specutacled (klikk for å se profil)