Heisen vart opna av ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik. Rundt 300 personar var med på opningsfesten med underhaldning, god mat og drikke. Dei som prøvde skiene laurdag og sundag fekk ein flott sesongstart på gnistrande vinterføre. Mange av dei frammøtte kom med kommentarar som fantastisk, gnistrande om løypene ved Kari Traa-trekket. Laussnøen er ikkje heilt på plass enno, men forventningane er store til områda under stolheisen og ved det nye T-trekket i Vetlebotn, som opnar om svært kort tid. Skitrekket frå Helgatun til Vetlebotn vil truleg vera klart rundt nyttår.

Fakta om Voss Fjellandsby - Myrkdalen

Voss Fjellandsby er ein ny destinasjon under oppbygging på Vestlandet. Her finn du fantastiske snøtilhøve og flotte bakkar for laussnøkøyring. Det snør mykje i Myrkdalen. Snørekorden (uoffisiell måling) nede i dalen er 3,6 meter. Me har eit eige område for born, løyper som held FIS-standard, og eit yrande aktivitetstilbod sommar som vinter. Køyretid frå Bergen er 1 time og 50 min, og frå Voss sentrum ca 25 min i retning Vinje og videre mot Vikafjellet. Nytt denne sesongen er eit flott velkomstsenter med kafé/restaurant, snøkanonanlegg og eit nytt t-trekk med mange fine løyper.