Harpefossen Skisenter hadde ei flott sesongopning søndag 8. desember. Skisenteret opna skitrekket på Furuhogane søndag formiddag der det er over ein meter snø!

Mange hadde gleda seg lenge til årets første skioppleving, og nærmare 300 tok turen til fjells og fekk boltre seg i skibakken. Det var også stor tilgang til herleg uberørt pudder rett utanfor løypene! Harpefossen Skisenter feira den fine opningsdagen med gratis gløgg og peparkaker og er svært nøgde med så mange glade skifolk!