Myrkdalen si storinvestering Storhaugsekspressen rullar i gang tysdag 28. januar. Det gjev nær ei dobling av kapasiteten i anlegget.

Det går unna i Myrkdalen, i dobbel forstand. Tysdag opnar den 1,7 kilometer lange stolheisen Storhaugsekspressen, som vil gje anlegget ei rekkje nye løyper. Med ein kapasitet på 2600 skigjester i timen vil heisen nær dobla kapasiteten i anlegget. Kapasitetsutvidinga kjem godt med, i ein skisesong som så langt har slått alle rekordar.

Har auka 30 prosent sidan i fjor
- Stadig fleire legg turen til Myrkdalen for å stå på ski. Trafikken i desember og januar har auka 30 prosent samanlikna med fjoråret. Den nye heisen vil hjelpa på kø-tendensane me har opplevd, og samtidig opna store, spennande skiområde for gjestene våre, seier marknadsdirektør Kaia Finne. Blant gjestene som er på plass i Myrkdalen denne veka er fleire av verdas beste freestyleutøvarar, som ligg i hardtrening før OL i Sotchi.

- Det nye hotellet, ei freestyle-løype i verdsklasse, familievenlege skiløyper og unike frikøyringsområde har gitt oss stor merksemd i media verda over det siste året, seier Finne, som trur den nye heisen vil bidra til at Vestlandet posisjonerer seg endå betre, både i den norske og internasjonale vintersportsmarknaden.

Kari Traa kjøpte fyrste turen
Det har vore hektisk byggjeaktivitet i Myrkdalen etter at heisen blei vedteken å byggja i sommar. Kulekøyrar Kari Traa vart i førre veke den aller fyrste gjesten i heisen, etter å ha gitt høgaste bod då den fyrste prøveturen blei auksjonert vekk på den årlege Smalahovefesten til Voss Freestyleklubb i haust. Når heisen opnar for ålmenta tysdag, vert det markert med tale ved ordføraren på Voss, festmiddag og afterski.

- Det er ein stor dag for Myrkdalen Fjellandsby – og me ynskjer alle hjarteleg velkomne i heisen frå og med tysdag 28. januar  kl 14.30, seier Kaia Finne.

Fakta om heisen:

• Sekssetars ekspressheis
• Lokal entreprenør er Taubane Teknikk AS
• Produsent og leverandør av heisen er Leitner Ropeways
• Kapasitet er rundt 2600 skigjester i timen

• Heisen er 1,7 kilometer lang og forserar 440 høgdemeter
• Toppstasjon på Storhaugen 950 moh
• Vintersesongen 2013/2014 vert det 4 nye løyper i tilknyting til heisen: ei svart, ei raud og 2 blå.
• Heisen opnar store nye frikøyringsområde for anlegget